Leif-Erik Senneset
Leder
Bli bedre kjent med Leif-Erik Senneset:
Leif-Erik Senneset er leiar i Bremanger Arbeidarparti og sit i styret i Vestland Arbeidarparti, i tillegg til å vere vara til landsstyret.
Han har fagbrev som energimontør og har brei erfaring frå industrien, mellom anna som tillitsvald, verneombod og arbeidsleiar.
Gjennom arbeidet sitt har han opparbeidd seg eit sterkt engasjement for trygge arbeidsplassar, eit organisert arbeidsliv og rettferdige vilkår for folk i heile fylket. Senneset er særleg oppteken av kraft- og industripolitikk, og korleis vi kan sikre både verdiskaping og utvikling i lokalsamfunn langs kysten.
Han har vore aktiv i valkamp og organisasjonsarbeid i Arbeidarpartiet, og er oppteken av å byggje lag, utvikle nye tillitsvalde og styrke partiet si rolle i møte med framtidas utfordringar.
Senneset brenn for tryggleik i kvardagen og meiner at fellesskap, arbeid til alle og sterke lokalsamfunn er nøkkelen til eit rettferdig og berekraftig Vestland